Slekt Dataside 10 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Nordbø, Anton (f. 22 FEB 1909, d. 11 MAR 1995)

Notat: I ungdomsåra arbeidde han hjå Peder Vestbø på Finnøy. Han reiste til Amerika/Canada som 18-åring, i mars 1927.

Han reiste saman med Nils Falkeid og Klaus Hesby til Griffin i Saskatchewan, Canada. I Canada budde og arbeidde dei hjå finnøybuar, m.a. Rasmus Ladstein. Han arbeidde for kost og losji: Han var med på treskelag, som drog frå farm til farm og treska korn fleire veker om hausten, og han var med og rydda skog for vegbygging. Ein gong fekk han eit tre over seg, øydela haka, og måtte på sjukehus. Amerika og Canada var langt i frå "the american dream". Det var vanskeleg å få seg jobb, særleg om vinteren.

Utan pengar eller noko anna reiste han som blindpassasjer med tog til vestkysten. På vestkysten var han lova arbeid på ein fruktfarm, og han arbeidde der ein haust. Ein vinter var han på fiske på innsjøar i Nord-Canada, og gjekk sjølvsagt gjennom isen.

Etter nokre år reiste han heim igjen til Noreg, fordi det var så vanskeleg å få seg jobb. Han kom heim til Finnøy nyttårsaftan 1932, nesten sju år etter han reiste ut, og nesten like tomhendt som da han reiste.

Dei første vintrane etter at han kom heim var han på sildefiske og sildesjauing i Kopervik og Haugesund. Han var med på eit notlag frå Finnøy som reiste til Hardangerfjorden og fiska brisling om sommaren, men det blei det snart slutt på.

Han bygde drivhus i 1935-37, og han overtok garden i 1938/39. Etter at Tobias drukna i 1922 dreiv Elisabeth garden sjølv, med litt hjelp frå sønene.

I fleire år var han med på sauesanking i heia, men først på 40-talet begynte han sjølv med sauer. I krigsåra kom han i kontakt med Heimefronten i heia, og det var her han trefte Otto Olsen, som var aktiv i Heimefronten. Otto Olsen selde seinare olje til drivhusa, først for Shell, seinare for Fina. Anton begynte å selja olje for Shell. Seinare, då Otto Olsen blei sjef for Fina, selde han for Fina.

Han fiska hummar og selde - kvar haust frå han kom heim frå Canada.Han kjøpte lastebil i 1948 (Ford), og han var då ein av dei første på Finnøy som fekk seg bil. Han kjøpte ny lastebil i 1951, ein Opel Blitz. Han var alltid frisk og rask, aldri sjuk. Han var aldri med i politikken, men han sat ein periode i likningsnemnda, og i fleire tiår var han kontaktperson for evakuering.
Kilde: (Fødsel)
Tittel: Digitalarkivet: Dødsfall i Norge
Tekst: http://digitalarkivet.uib.no/
Datakvalitet: 2
Kilde: (Individ)
Tittel: Emigrantar frå Stavanger 1903-1928
Publikasjon: Statsarkivet / Digitalarkivet
Kilde: (Individ)
Tittel: National Archives of Canada, Immigration Records
Udvandring: Dato: 7 MAR 1927
Sted: Stavanger
Indvandring: Dato: 20 MAR 1927
Sted: Halifax, Nova Scotia, Canada
Indvandring: Dato: 28 DEC 1932
Sted: Bergen, Norge
Yrke: Gardbrukar
Død: 11 MAR 1995 Nordbø, Finnøy
Begravelse: 17 MAR 1995 Hesby kyrkje, Finnøy

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland