Lauvsnes, Rasmus Jakobson (f. 1751, d. 27 DEC 1824)
Notat: Rasmus var klokkar etter faren. 30. desember 1790 sette faren opp eit delingsbrev for å unngå krangel og ueine mellom barna når arven skulle gjerast opp. Rasmus hadde fått gåvebrev på Lauvsnes av faren alt i 1777, og delingsbrevet slo fast at Rasmus skulle ha Lauvsnes for 150 rdlr, "fordi han tog gården i dens meget forfaldne tilstand, og har på dens istandsættelse andvendt meget av sin velfærd". I tillegg fekk Rasmus 1/12 av faren sin eigedom i Finnøykyrkja. Delingsbrevet blei tinglyst 6. juni 1791.
Han døydde "ved å falde i Nådedalsbekken" på veg heim frå gudsteneste i Talgjekyrkja 3. juledag 1824. Han skilde lag med presten Gabriel Kielland i Svinehagen, men han kom aldri heim til Lauvsnes. Gustava Kielland fortel at han neste dag blei funnen i bekken med "et blodig hull i tinningen". [Bjørkvik: Finnøy gard og ætt]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997Side: Bind 2, side 233
Datakvalitet: 2
Død: 27 DEC 1824 Lauvsnes, Finnøy
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .