Slekt Dataside 115 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Nordbø, Torolv (f. 16 NOV 1905, d. 6 JUN 1993)

Notat: Torolv var den einaste i syskenflokken som blei døypt då han var født. Familien blei pinsevennar før resten av ungeflokken kom til. Han var også den einaste i syskenflokken som gjekk på amtsskulen på Rygjabø.
Han reiste til Amerika i 1925. Han var heime frå Amerika tre gonger, i 1948, 1960 og 1987. Han blei amerikansk statsborgar, og i USA brukte han namnet Howard Thor Landa.
Han reiste til Landa, Nord Dakota, til tante Gustava. Gustava var søster til faren og var gift med Peder Gjesme. Første året arbeidde han på farmen deira i Landa, men han fann fort ut han ikkje ville arbeidde på farm, så han starta å gå på skule, først i Landa, seinare i Minot.Hausten 1926 og våren 1927 gjekk han på State High School, Landa. Hausten 1927 og våren 1928 gjekk han på State Teachers College i Minot. På begge skulane var han registrert med namnet Torolv Nordby.
Etter at han var ferdig utdanna reiste han rundt som handelsreisande ”kramkar” og reiste rundt i heile USA. Han var i alle statane, utanom Hawaii og Alaska. Han såg også mykje av Canada og Mexico. Han reiste rundt i 10 år før han slo seg ned. Familien visste aldri kor dei skulle sende brev til han i denne tida, for han var alltid på farten. Han slo seg ned i Kansas City, og han tok seg først arbeid på Kline's shoe department.
Etter krigen tok han arbeid på ”Harzfeld”, ein stor skobutikk i Kansas City. Han begynte der 22. desember 1944. Her var han i 38 år, til han pensjonerte seg. I brosjyren for 25-årsjubilantar i 1969 skriv dei m.om han: ”Besides enjoying golf and yardwork, the Landa Family yearly plans a spectacular vacation.”
Medan han arbeidde på “Harzfeld” var han fast skoselgjar til familien Harry Truman. I Truman sin presidentperiode reiste han med sko til Washington D.C., og etter at Truman var død, reiste han heim til enkja med sko, også etter at han blei pensjonist.
Kilde: (Død)
Tittel: U.S. Social Security Death Index
Publikasjon: FamilySearch
Tekst: http://www.familysearch.org
Udvandring: Dato: 21 MAR 1925
Sted: USA
Notat: 21. mars 1925 reiste han med m/s "Mauretania" (Cunard line), med destination Landa, N.Dakota. Båten gjekk frå Southampton til New York (via Cherbourg, Frankrike).
Død: 6 JUN 1993 Kansas City, USA

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland