Tybo, Anders Kjeldson (f. , d. 1629)
Notat: Anders var sokneprest i Hinderå prestegjeld frå 1601 til han døydde i 1629. Han var, som namnet tyder, frå Thy nordvest på Jylland i Danmark. Etter det han sjølv skriv i innleiinga til ein av hans prekesamlingar, må han ha vore son av presten Kjeld Nielsen eller Andersen til Rær i Thy (død 1597). Han gjekk på Viborg Skole og var Hører i Bergen, då han i 1601 blei kalla til sokneprest i Hinderå.
Han var ein av dei sokneprestane som hadde til oppgåve å organisera den lutherske kyrkja på ein måte som gjorde ho sterk og respektert i folket. Ei hovedoppgåve var å sjå til at gamalt jordegods som hadde høyrt under kyrkja, ikkje gjekk tapt i nyryddingstida, og Anders førte fleire saker om dette for tinget i Ryfylke. I tingbøkene er Anders Kjellsen ein av dei mest aktive aktørane i denne perioden. Den lengste strida stod om Mid-Kvam, der Anders stod mot fleire medlemmer av Koll-ætta frå Nessa, med Erik Jakobson Byre som talsmann. Saka endte med forlik mellom presten og Erik. Anders skaffa seg også personleg rikdom, og han åtte gardpartar i fleire gardar i Nedstrand. I 1617 fekk han løyve av kongen til å ha sag på Prestegarden, ein rett han noko tidlegare hadde vorte fradømt.
Anders var gift med Anna Jørgensdotter, men dei hadde truleg ikkje born saman, for det var ei lang og vanskeleg arvesak etter Anna. [Dansk biografisk Lexikon / Tysvær gard og ætt / Ætt og Heim 1980]
Kilde: (Død)
Forfatter: Hans Eyvind Næss
Tittel: Tysvær gard og ætt
Publikasjon: Tysvær kommune, 2001Side: Bind 1, side 733
Datakvalitet: 2
Død: 1629 Hinderå prestegard, Nedstrand
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .