Vanvik, Hadle Torbjørnson (f. , d. ABT 1643)
Notat: Hadle fekk bygselbrev på Indre Vanvik av stefar til kona, Hallvard Trulsson Fattland, i 1611. Han gifta seg til mykje jordegods og fekk etterkvart meir. Ved sida av Hallvard Trulsson og svogeren, presten Hr. Nils i Setesdalen, var han blant dei som skatta av mest jordegods i indre deler av Ryfylke i første halvpart av 1600-talet. Han var mykje nytta som lagrettemann, og han var lensmann i Sauda skipreide 1635-43. Han åtte ein laup smør i Indre Vanvik, og utover 1620-åra kjøpte han eller byte til seg fleire partar, slik at han kring 1630 åtte mesteparten av garden.
Stein Jørgenson dreiv nabogarden Ytre Vanvik, og dei dreiv lenge i fred med kvarandre. Men i 1634 gjekk Hadle til sak mot Stein for å driva han vekk frå garden. Stein vann bygselretten etter ryddebolslovgjevinga. I 1636 stemna Hadle Jelsapresten Hr. Markus for bygselretten til Ytre Vanvik. Nå hadde Stein fått seg vener som hjalp han, og Hadle tapte igjen. Stein valde likevel å flytta frå Vanvik, over fjorden til Vidvei, og frå 1638/39 skattar Hadle av både Ytre og Indre Vanvik. Etter Hadle sat sønene hans på begge gardane.
Hadle dreiv mykje med trelasthandel. I 1621 var han blant 14 ryfylkingar som var stemna av fire borgarar til Stavanger by for ulovleg handel med tømmer. Men Hadle hevda at tømmeret var frå eigne skogar, og det ser ut til at han slapp unna sak.
Han heldt seg med fleire drenger, og ein av desse var den kjende Børge Kristofferson. Børge var i teneste på Vanvik 1630-32, og han budde truleg på Vanvik dei første åra etter at han gifta seg i 1642.
Hadle og Ingrid fekk 4 søner og 3-4 døtre. Etterkomarane av Hadle Vanvik sat med små avbrekk som lensmenn i Suldal og Sauda skipreider heilt fram til 1814.
[Drange: Sand gardar og folk]
Kilde: (Død)
Forfatter: Ernst Berge Drange
Tittel: Sand gardar og folk
Publikasjon: Suldal kommune 1997Side: Bind 1, side 476
Datakvalitet: 2
Død: ABT 1643
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .