Børkjenes, Alvald Sjurson (f. ABT 1600, d. BEF 1673)
Notat: Alvald overtok farsgarden på Nedre Børkjenes (Birkenes) i 1638. Han var lensmann i Etne 1648-1677. Øydegarden Helleland blei lenge driven av folk på Børkjenes, og Alvald brukte jorda der til slått og beite. Etter at han blei sjølveigar sette han opp flaumsag på Helleland og tok til å driva med tømmer. I 1665 blei han dømt til å riva saga, men han må ha skaffa seg løyve, for saga var i bruk heilt fram til 1681. Dei siste åra blei det skore 1000 bord i året.
Nedre Børkjenes ligg sentralt til ved utløpet av Etnefjorden, og garden var mykje brukt som samlingstad og tingstad. I fleire periodar var det og lensmannsgard. Garden hadde ei skatteskyld på 3 laupar smør og høyrde lenge til biskopen i Bergen. Ved reformasjonen blei det lagt under kongen som krongods, og utpå 1600-talet blei det selt. I 1663 kjøpte Alvald Sjurson denne garden av adelsmannen Axel Sehestad.
Alvald er sist nemnt i 1679, og han er død før 1683. [Etnesoga, bind 2]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Ståle Dyrvik
Tittel: Etnesoga
Publikasjon: Etne Bygdeboknemnd 1972Side: Bind 2, 258
Datakvalitet: 2
Død: BEF 1673 Børkjenes, Etne
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .