Rustung, Kristoffer Trondson (f. 1500/01, d. 1565)
Notat: Andre kilder sier han var født ca 1490.
(Anita Særvold Johannessens websider)
Notat: Andre kilder har sagt at han døde ca 1577.
Notat: Han var sjøoffiser, "Rigernes Admiral" ei tid. Han var lensherre i Noreg og Danmark og var en uredd kar, norsklynd som få. Ein av dei merkelegaste nordmenn i dansketiden. Bodde mest i Tryggevelde Danmark.
Kristofer Trondson har gjort (Rustung-) slekti til ei av dei mest namngjetne på 1500-talet. I han var det gamalt norsk vikingto og han synte eit pågangsmot og ein virketrang som er utan sidestykke hjå den norske adelen på reformasjonstidi. Det får vera nok her å nemna at han var høgre handi åt erkebisp Olav i den siste striden for norsk sjølvstende, drog så utanlands og vart "Nordsjøens skrekk" som kaperkaptein i Friesland, forsonte seg med Kristian III og vart kalla til riksadmiral over den dansk-norske marinen og fekk store len for alltid å vera kongen nær. Han døydde ikr. 1565. Kona hans, Karen Skanke, var dotter til dekanus ved Trondheims domkyrkje Knut Schanke.
Soga åt borni deira er ikkje mindre eventyrleg. Einaste sonen, Enno, med tilnavnet Brandrøk, var ein evnerik, men urolig kar, som flakka Europa rundt som soldat, kom meir og meir på avvegar og vart i 1571 dømd frå livet for ei kjempestuld på Gripsholm slott i Sverike. Soga åt Anna Rustung er og eventyrleg og tragisk. Den vakre jenta vart dåra av den kjende skotske Don Juanen grev James Hepburn av Bothwell. Han let henne i stikka og gifte seg seinare med den skotske dronningi Maria Stuart . Dronningi og jarlen vart jaga or landet. Skipet åt Bothwell rak inn til Karmøy, og det segjest at Anna møtte festarmannen sin att i retten i Bergen. Han døydde som statsfange på Dragsholm slott i Danmark. Anna åtte Ænes og budde der og på Seim til ho døydde i høg alder.
Les meir i Næss/Kolltveit: "Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid".
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Tore B. L. Erland
Tittel: Tore Erlands websider om Chr. Rustung
Tekst: http://home.no/torerlan/rustung.htmDatakvalitet: 1
Kilde: (Død)
Forfatter: Tore B. L. Erland
Tittel: Tore Erlands websider om Chr. Rustung
Tekst: http://home.no/torerlan/rustung.htm
Død: 1565 Danmark
Begravelse: under kirkegolvet i kirken i Rosendal
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .