Anndal, Ola Rasmusson (f. 1606, d. ?)
Notat: Han er nevnt på Anndal (Alendal) frå 1637/38 til 1676. Han er truleg død i perioden 1677-1692. I denne perioden vantar skifteprotokollane for Sunnhordland. Han var lagrettemann ved fleire høve i perioden 1649-1659.
I 1659 blei han stevna for manglande betaling av tobakk. Han hadde kjøpt tobakk for 6 dalar av Morten Madsen i Buchen, men han likte det ikkje og sende det tilbake. Forsendinga kom aldri fram til Bukken, og Ola blei dømd til å betala.
[Rostrup m.fl: Ætt og Heim 2001 / Østrem: Skjold gard og ætt]
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .