Slekt Dataside 1036 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Johannesdotter, Katrine (f. ABT 1580, d. ABT 1660)

Notat: På ei sølvkanne som ho fekk laga i 1626 står det "Catrine Joensdatter", men i odelsskattelistene 1657-1660 er namnet hennar konsekvent skrive "Johannesdotter". Ho hadde ein son som hette Johannes, så faren heitte truleg Johannes, og ikkje Jon, slik Jåthun hevda i Ætt og Hei 1971. Ho var truleg prestedotter, eller dotter av ein storbonde eller embetsmann. Jåthun meiner ho kan ha vore dotter til Jon Mauritson, sokneprest i Egersund, og Birgitte Povelsdtr.
Etter at Rasmus var død, gifta ho seg ikring 1617 med Lars Knutson Hogganvik. Dei hadde fleire born kvar for seg, men ingen saman. Frå 1627 til 1652 budde ho som enkje på Hogganvik. Frå 1653 til 1656 budde ho truleg hjå sonen Johannes på Årvik i Vikebygd. Frå 1657 er ho ført i skattelistene for Vikedal skipreide, utan gardsnavn. Ho kan då ha budd hjå dottera, Sofia Rasmusdotter på Sunnanå. Ho døydde truleg ikring 1660, truleg nærare 80 år gamal.
Rasmus Olson hadde truleg 8 born, men ein veit ikkje sikkert om Katrine var mor til alle 8.
[Ætt og Heim 1971 og 2001]
Død: ABT 1660

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland