Tøtland, Børge Børgeson (f. ABT 1656, d. 1719)
Notat: Han var den rikaste bonden i Hjelmeland i si id. I skiftet etter han var det 2697 rdlr til deling mellom enkja og dei fem borna. I tillegg var det gull og sølvvarer for over 500 rdlr. Skifteforretningen tok sju dager - 4. og 5. august og 18.-22. september. Det er det største skifte ein har i Ryfylke. Det var m.a. sølvtøy i så store mengder at ein henta gullsmed Chr. Koht frå Stavanger for å vega og vurdera verdien av dette.
Mykje av rikdomen og jordegodset kom i hendene på Børge då han gifta seg med Marite Larsdtr. Ho var barnlaus enkje etter Jon Ågeson Tøtland, og hadde arva dette av han.
Då Børge og Elen Sofie gifta seg, sende han to mann med vengebåt til Bergen for å henta drikkevarer. Det blei rettssak av ferda, fordi dei ikkje hadde betalt toll i Haugesund, der dei hadde vore innom. Til dette bryllaupet skreiv også salmediktaren Anna Reimer (syskenbarn av far til Elen Sophia) ei bryllaupsvise som er gjengjeven i Ætt og Heim 1963.
Han vart gravlagd i ei eikekiste under koret i Hjelmeland kyrkje. [Hjelmeland gardar og folk]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Trygve Brandal
Tittel: Hjelmeland: Gardar og folk.
Publikasjon: Hjelmeland kommune, 1990Side: Bind 2, side 55
Datakvalitet: 2
Kilde: (Individ)
Tittel: Ætt og Heim 1963
Publikasjon: Rogaland historie- og ættesogelag
Kilde: (Individ)
Tittel: Ætt og Heim 1963
Publikasjon: Rogaland historie- og ættesogelagSide: Side 155
Datakvalitet: 2
Død: 1719 Tøtland, Hjelmeland
Stadfæstelse af skifte/testamente: Dato: 22 SEP 1719
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .