Marvik, Jens Ånonson (f. 1645, d. ?)
Notat: Han overtok faren sin halvpart av Marvik og øydegarden Haga ikring 1665. Lensmann i Jelsa 1672-84. Død før 1696. Han hadde 7 barn. Sonen Stein (f. ca. 1679) blei sendt i marinen i 1700, og døydde truleg som matros i Den store nordiske ufred. I 1675 blei han saksøkt for tømmerkjøp i Sand. Han årsaka seg med at det var for å dekka skatter og avgifter til dei som selde. Dei hadde tømmer, men ikkje pengar til skattane. Men om det blei rekna som brotsverk, ville han slutte med det. I 1683 sa han opp si stilling som lensmann pga. dårlig lønn.
Marvik var frå gamalt av rekna for fullgard og skylda var på 3 laup smør. Øydegarden Haga var på ½ laup smør og blei på denne tida brukt av oppsitjarane på Marvik. Kongen åtte halvparten av Marvik, og resten var odelsgods. Kongen åtte heile Haga. Bygselretten låg til Kongen, og sjølv om bonden i Marvik åtte halvparten av garden rekna han seg som leiglending og Kongen var hans husbond. Krongodset var i 1661 gått over til admiral Ove Gjeddes arvingar. Oberst Gersdorf løyste medarvingane sine ut og sat seinare med alt krongods i Jelsa. I 1686 vart krongodset i Marvik seld til brukarane. Jens Ånonsen og brorsonen, Kleng Bjørnson, dreiv då kvar sin part av Marvik, og blei dei første sjølveigande bøndene på Marvik. [Jelsa gards- og ættesoge / Suldal kultursoge]
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .