Slekt Dataside 937 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Marvik, Ånon Bjørnson (f. 1600, d. 1664)

Notat: Han fekk bygsla 1/2 laup smør av stefaren Helge Erikson i 1619. I 1630 fekk han bygsla ennå 1/2 laup smør og hadde då tredjeparten av Marvik. Han fekk samstundes bygsla tredjeparten av øydegarden Haga som låg under Marvik. I 1637 fekk han bygsla ennå 1/2 laup, og i 1640 dreiv han og stefaren halvparten av Marvik og Haga kvar. Stefaren må ha døydd i 1646, og frå 1647 driv Ånon heile Marvik-garden.
Han hadde 3 barn, men det er så stor aldersforskjell at han truleg må ha vore gift 2 gonger. Siste kona heitte Sissel. Eldste sonen overtok halvparten av garden i 1660. Resten satt han truleg sjølv med til han døydde ikr. 1664. [Jelsa gards- og ættesoge]
Lensmann i Jelsa 1650-1660. Styrte sitt embte på ein god måte, og det står lite om han i tingbøkene. I 1658 var det brann på Marvik, og i november 1659 fekk han tingsvitne på at garden hans var brunnen ned, og at han ikkje kunne betala skattar. På den tida kunne ingen trygda godset sitt mot brann, og då husa oftast sto samla i eit tun, brann som regel alle hus opp når det først tok til å brenna.Truleg var det årsaka til at han slutta som lensmann. [Suldal kultursoge]
Død: 1664

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland