Silda, Sakarias Erikson (f. 1677, d. 2 APR 1721)
Notat: Han var Lensmann i Etne 1701-1721. Sakarias blei drepen 2. april 1721 i stova hjå gjesgjevar Otte Nilsson Auastad ved Gjerdssjøen. Sakarias skulle berre snakka nokre ord med kremmaren Jakob Bjørnson på vei heim ifrå tinget i Ølen. Jakob var ikkje heime då Sakarias kom, men etter ei stund kom han heim saman med Lars Olsson Onstein og capitaine des armes Christen Mørck, som begge var godt drukne. Det blei drukke meir øl, og det blei etterkvart krangel og slåsskamp. Det enda ikkje betre enn at Mørck gav Sakarias banesår med kården sin. Mørck stakk av ifrå udåden, og sjølv om han blei etterlyst over heile landet, blei han ikkje funnen att.
Ein mann frå Romsa fortalde at han hadde husa Mørck i nokre dagar etter drapet, men at han då ikkje hadde høyrt kva som hadde skjedd. Vitnene til drapet og denne mannen frå Romsa blei på tinget 18. november 1821 dømt til å betala 27 rdlr i bot kvar, for at dei hadde latt Mørck sleppe unna etter drapet. Det var bror til Sakarias - Johannes Erikson Fitja - som tok over som lensmann, og som skulle driva inn bøtene. Men han viste nok stor nåde for bøndene. Etter at han hadde teke runden for å driva inn bøtene kunne han fortelja at det var lite penger, lausøyre og pant å henta.
Sakarias og Marta hadde 6 barn [Etne-soga, bind 2]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Ståle Dyrvik
Tittel: Etnesoga: Fjerde bandet, folket i Stødle sokn
Publikasjon: Etne kommune 1995Side: Side 114
Datakvalitet: 2
Kilde: (Død)
Forfatter: Ståle Dyrvik
Tittel: Etnesoga
Publikasjon: Etne Bygdeboknemnd 1972Side: Bind 2, side 190
Datakvalitet: 2
Kilde: (Begravelse)
Forfatter: Ståle Dyrvik
Tittel: Etnesoga
Publikasjon: Etne Bygdeboknemnd 1972Side: Bind 2, side 191
Datakvalitet: 2
Død: 2 APR 1721 Gjerde, Etne
Begravelse: 10 APR 1721 Stødle kyrkje
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .