Fuglestein, Ola Knutson (f. ABT 1576, d. ABT 1666)
Notat: Han kan ha vore far til Svein Olson Skeie og Brita Olsdtr på Gaupås, men det er ikkje noko prov for dette.
Ola Knutson finn me første gong nemnd på Fuglestein i 1607, då som eigar av Fuglestein sag. I manntalet 1666 er han 90 år gamal og såleis fødd ikr. 1576. Han var frå Tau i Strand, son av Knut Tau av Bjørheimsætta.Ola var 1. g. m. Udbjørg Jonsdtr Foss, 2. g. m. Anna Bjørnsdtr Marvik.
Han er nemnd fleire gonger i rettsprotokollane, m.a. i 1630 for ulovlig hogst av eiketrær i Fuglesteinskogen. Det var forbod mot å hogga eik til anna enn til det kongen hadde bruk for til å byggja opp flåten. Då futen gjekk over skogen fann han 95 eikestuar, men av dei vart det sagt at kongen hadde fått 18. Dei 77 andre eiketrær var selde til andre. Ola Fuglestein bøtte med 30 rd.
Ola Knutson døydde truleg i 1666. Det var dei to versønene hans som skreiv under semja med Stein Jelsa i slutten på året 1666.
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Michael Strickland
Tittel: Austring & Strickland Ancestry
Tekst: http://freepages.genealogy.rootsweb.com/~austring/complete.htmDatakvalitet: 1
Død: ABT 1666
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .