Slekt Dataside 706 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Lind, Samuel Lauritsson (f. , d. ?)

Notat: Prest i Finnøy 1614-1650. Han hadde vore kapellan i Stavanger før han kom til Finnøy. Både faren og to brør av Samuel var presar i Stavanger bispedømme.

Samuel brukte 1/4 av Hesby som tilleggsjord til Prestegarden, og i 1625 reiste han sak mot futen Anders Hansson for futen sitt krav om at brukarane av Hesby skulle ha åbotsplikt, dvs plikt til å halda garden ved like. Leiglendingane på futegarden hadde berre ein laus avtale som kunne seiast opp utan forvarsel og dei betalte ikkje førstebygsel. Dei hadde såleis ikkje same vern i lova som ein leiglending skulle ha, og presten meinte at brukarane då ikkje kunne ha åbotsplikt.

Frå 1631 leigde han garden Nådå på Finnøy, som supplement til Prestegarden, og budde der til han døydde. Rettsprotokollane viser at han prøvde å utnytta stillinga si som prest til å skaffa denne garden forrettar. Dottera hans vart seinare gardkone på Nådå. [Finnøy gard og ætt]
Referanse: 1223

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland