Slekt Dataside 683 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Trane, Christen Christenson (f. 1533, d. 12 JUL 1600)

Notat: Christen Trane kom truleg til Norge i byrjinga av 1570-åra. 5. aug. 1573 er han nemnt som Jørgen Daas fogd på Utstein Kloster. Jørgen Daa var lensherre for Utstein Kloster sitt jordegods. Frå 1588 er han rådmann i Stavanger, og frå 1590 til 1599 fogd i Ryfylke og Jæren. Han dreiv og som kjøpmann i Stavanger og dreiv m.a. handel med varer som han sjølv importerte. Han åtte fleire skip og fleire hus. Han budde på Skagen der han kjøpte ein større eigedom av Tord Benkestokk.

I 1579 inngjekk han ein kontrakt med kannikane i Stavanger om leige av Domkapitlets part av laksefisket på Sele for ei årleg avgift på 85 riksdaler så lenge han er i teneste for Jørgen Daa. Det var Utstein Kloster som åtte den andre parten av fisket.

Han var gift to gonger, først med Magalena Nilsdotter og så med Karin Povelsdotter. Det er ikkje kjent kven som var mor til Christen sine barn, mein i ein artikkel i Ætt og Heim 2000 gjer Randi Rostrup greie for kvifor det er mest truleg at Karen i alle fall var mor til Christen, Povel og Kirsten. Christen hadde 4 barn, m.a. sonen Povel Christenson Trane, sokneprest til Nes på Romerike. Blant etterkomarane hans er komponisten Waldemar Trane og arbeidarføraren Marcus Thrane. [Næss: Ætt og Heim 1981 / Rostrup: Ætt og Heim 2000 / Aurenes: Reilstadætten]
Død: 12 JUL 1600 Stavanger

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland