Slekt Dataside 38 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Aubø, Børge Kristofferson (f. 1600, d. AUG 1668)

Notat: Ifølge skattemantalet 1631 tente Børge i Vanvik i Hylsfjorden.
Notat: Så seint som 6. juli 1668 førte Børge ei sak for skipreidetinget på Valen i Skånevik skipreide mot verbroren Laurits Johansson på Valen. Børge møtte ikkje sjølv. Dette er siste gong me høyrer om han i live. 14. august 1668 har Stavanger Domkyrkje innført i sitt rekneskap 1 rdlr for "ligklæde til sal. Børres lig paa Ubøe".
Notat: Børge kom til Ryfylke saman med broren Klaus - i alle fall så tidlig som i 1623. Dei jobba begge som tenestemenn for futen i Rogaland, som kjente dei to brødrane frå den tida han var fut i Lista len.

Han slutta i futen si teneste i 1628, og han flytta då til Sauda. Han tok borgarskap i Stavanger, truleg så tidleg som i 1633, for å kunne drive handel her. Ifølge skattemantalet 1631 tente Børge i Vanvik i Hylsfjorden. Det er rimeleg å tru at han då var hos Hadle Vanvik, lensmann i Sauda skipreide 1635-1643.

Han bygsla Aubø i 1646, og han blei sidan buande der. Børge hadde mykje gods rundt omkring i hele Ryfylke, og var ein av de største jordeigarane i Ryfylke. Han hadde m.a. mykje jord i Suldal, og drev tømmerhandel frå skogane her. Innan oktober 1648 hadde Børge kjøpt eine halvparten av Aubø av Aksel Movat. Den andre halvparten makebyte han med kongen 29. november 1651.

Han budde på Aubø til han døydde i 1668, og var i fleire år kyrkjeverge. Både han og kona Birgitte blei gravlagde under golvet i Sjernarøy kyrkje.

Børge og Birgitte hadde 8 barn, som alle blei gift inn i velstandsættar i Ryfylke.
Kilde: (Individ)
Tittel: Ætt og Heim 1963
Publikasjon: Rogaland historie- og ættesogelag
Side: Side 78
Data:
Tekst: "Børge Christophersen på Ubø" av Børge Øverland
Datakvalitet: 2
Kilde: (Individ)
Tittel: Ætt og Heim 1968
Publikasjon: Rogaland historie- og ættesogelag
Side: Side 5
Data:
Tekst: "Børge Kristoffersson på Aubø og ætti hans" av Asgaut Steinnes
Datakvalitet: 2
Kilde: (Individ)
Forfatter: Jacob Sverre Løland
Tittel: Sjernarøy bygdebok
Publikasjon: Finnøy kommune 1972
Side: Side 307
Datakvalitet: 2
Eiendom: Aubø, Sjernarøy
Dato: 29 NOV 1651
Notat: Børge kjøpte den eine halvparten av Aubø av Aksel Movat mellom januar 1646 då han flytta til Aubø og 18. oktober 1648 då dette jordegodset er forsvunne frå Movat si jordebok.

29. november 1651 makeskifta Børge 3 laupar ½ pd smør og 2 rdl i arbeidspengar i Førland i Suldal og Helland i Sand mot den andre halvparten av Aubø, so kongen åtte. Slik blei han eigar av heile Aubø.
Eiendom: Talgje, Sjernarøy
Dato: 27 FEB 1655
Notat: Børge fekk pantebrev på halvparten av Talgje i 1653. I 1655 fekk han pantebrev på andre halvparten. Desse pantebreva blei aldri innløyste, og Børge blei såleis eigar av heile Talgje.
Død: AUG 1668 Aubø, Sjernarøy
Referanse: 112
Stadfæstelse af skifte/testamente: Dato: 15 FEB 1669
Sted: Aubø, Sjernarøy
Notat: Buet var på 1169 rdl netto. Enkja fekk 584 ½ rdl, dei fire sønene 97 rdl og 2 ½ slettemark el. 40 skilling, medan dei fire døtrene fekk 48 ½ rdl og 1 ¼ slettemark el. 20 skilling.
Børge åtte jordegods i 14 gardar då han døydde. Omrekna til smørskyld kom det opp i 24 laupar og ½ bpd. smør. Omrekninga blei gjort etter formelen 3 vetter korn er lik 1 laup smør. Dei største eigedomane var Aubø (3 pund korn) og Talgje (2 laupar smør og 2 pund korn). Dette var heile gardane.

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland