Ladstein, Ellen Margreta (f. --Ikke vist--)
Notat: Ellen vaks opp i ”det gamle huset” på Brekke, Vestbø. Ho budde der til ho var 16 år. Dei flytta inn i ”det nye huset” i 1936. Brødrene Bjørn og Nils tok over garden då, og dei andre flytta.
Etter folkeskulen gjekk ho, slik det var vanleg, eit halvt år på framhaldskulen. Etter det arbeidde ho heime på garden. Ellen var helst ute, ho molka og pakte tomatar.
Då ho var 18 år, reiste ho på teneste til Maridalen. Her var det kona som stelte i fjøset, og Ellen var mykje med i fjøsarbeidet. Ho reiste bort hausten 1938. 14. oktober var fast dag for å starta i ny teneste. Ho reiste bort med Sørlandsbanen. Ho tok toget til Flekkefjord, og her måtte dei vidare med buss til Kristiansand, for jernbanen var ikkje ferdig bygd. I Kristiansand tok ho så nattoget til Oslo. Turen kosta 45 kroner, om lag i månadsløn. Då ho reiste frå Maridalen eit halvt år seinare, var det endå snø og vinter der, mein heime på Finnøy var det vår og grønt.
Hausten 1939 reiste ho til Oslo for å gå på Fjellhaug Ungdomsskule. Det tilsvarer det me kallar folkehøgskule i dag. Skulen låg på Sinsen, like ved Østre Aker kirke. Denne gong reiste ho med båt frå Stavanger. Turen tok om lag 2 døgn, og kosta 25 kroner.
Dei hadde avskjedsfest på skulen om kvelden 8. april 1940. Dei hadde pakka koffertane og sett dei om bord på båten. Men tyskarane var allereie på veg inn Oslofjorden, og stortingsmann Edland tok kontakt med dei, og sa at dei ikkje måtte reise heim med båten. Så dei måtte ta nattoget til Kristiansand. Etter ei strabasiøs reise kom ho heim 12. april, etter ei reise på nærare 4 døgn.
I krigsåra tente ho ute, fleire periodar hjå Haualand i Stavanger, men òg hjå Bjørn og Miriam Mjølsnes og hjå Christ og Laura Berge på Finnøy. Hausten 1944 gjekk ho på Rygjabø husmorskule på Judaberg.
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .