Forsand, Rasmus Toreson (f. 1600, d. BET 1664 AND 1676)
Notat: Rasmus Toreson finn me nemnd i alle skattemanntala frå 1626, 1627/28, 1628/29 og 1632/33 er han nemnd «leilending», i 1632/33 «forarmet leilending», 1635/36 «øydegards- og husmann» og 1638/39 «øydegardsmann». I manntal 1642/43 er han ikkje nemnd under Forsand-garden, og i 1645-manntalet finn me han heller ikkje. Men i Bergearkivet, brev nr. 15, 1648, er han nemnd mellom «alle Forsands besittere», som var 4 mann.
I manntal 1649 er Rasmus den eine av fire brukarar på Forsand. Han brukar 3 vetter ( = 54 mrk. smør). Dei andre brukarane er Endre, gamle Jakob og unge Jakob.Så finn me han att i prestemanntalet 1664, Rasmus Forsand, 64 år, med sonen Paul Rasmusson, og i futemanntalet 1664, Rasmus Toreson, 64 år, med sonen Pål Rasmusson 30 år.
Ellers er han nemnd i saka om notkastet i Uburvikjå ved Forsand i 1630. [Tb.A 12,32]
Sameleis var Rasmus Forsand stemnd til å prova i ei sak mellom brørne Tore og Tormod Haukali. [Tb.A29, 18 b]. Sjå under Haukali. Og i ei sak mellom Tore og Torkel Helle den 23. juni 1662. [Tb.A 29, 18 b.] Sjå Helle.
Rasmus Forsand er nemnd lagrettemann 3 gonger, frå 1658 - 1660. Han hadde 7 barn.
[Forsandboka bind II s. 323-325]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Sigleif Engen
Tittel: Forsandboka
Publikasjon: Forsand kommune, 1985Side: Bind 2, side 323
Datakvalitet: 2
Død: BET 1664 AND 1676 Forsand, Høgsfjord
Referanse: 860
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .