Frafjord, Rasmus Asbjørnson (f. 1614, d. 1670)
Notat: Den 24. februar 1631 fekk biskop Thomas Wegner kongebrev på at han skulle få Ims i Høle skipreide på livstid, mot at han skulle svara leidang og landskyld i rette tid. Men vilkåret var òg at han skulle ordna seg med bygslemannen som sat på garden, så han ikkje skulle ha grunn til å klaga.
Han som sat på garden, var lensmannen i Høle, Asbjørn Rasmusson Ims. Han var gammal og hadde vaksne born. Av dei skulle vel sonen Rasmus, ta over Ims etter faren.
Men nå hadde bispen bygsleretten for den store garden Frafjord. Der døydde Gunnar Torsteinson som sat med halve garden eingong i 1730-åra. Enkja var Gunhild Bjørnsdtr. (Mæle). Bispen fekk då ordna det slik med Bjørn Mæle at Rasmus Asbjørnson skulle få dotter til Bjørn og halve bruket til enkja Gunhild. Og Gunhild Mæle fekk Olav Gunbjørnson (Rossavik). På den måten hadde Mæle-folket framleis bruksretten til halve Frafjord. Og Bjørn hadde fått gode kår for to av døtrene sine.
[Gjesdal indre del, bind 1]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Gudtorm Mikkelson
Tittel: Gjesdal indre del, gards- og ættesoge Frafjorddalen og Østabødalen
Publikasjon: Gjesdal kommune 1994Side: Bind 1, side 44
Datakvalitet: 2
Død: 1670 Frafjord
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .