Slekt Dataside 409 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Mjølsnes, Sjovat Roaldson (f. 1726, d. 1800)

Notat: Då Sjovat gifta seg med Siri tok han over gjestgjeveriet etter Levin Petterson Oxenius. Han fekk kongeleg bevillingsbrev, underskrive av amtmann Henrich Vilhelm Tillisch ved Stavanger Kongsgaard 12. september 1748. Heile bevillingsbrevet er gjengjeve side 89 i Ætt og Heim 1965. Han dreiv som gjestgjevar på Hagaberget i 12 år. Tradisjonen fortel at kona hans, Siri, var redd han vill enda som "drikkar" om han heldt fram som gjestgjevar, for det var handel med både øl og brennevin på gjestgjeveriet.

Siri hadde arva ein part av eit bruk på Øvre Mjølsnes etter faren. Den andre parten var benefisert gods. Det var Rasmus Jonson frå Hagaberget som dreiv dette bruket. Far hans, Jon Rasmusson snekkar, hadde vore gjestgjevar på Hagaberget, og ca 1760 flytta Sjovat og Siri til Mjølsnes, medan Rasmus flytta tilbake til Hagaberget og tok over gjestgjeveriet.

Frå 1768 dreiv sonen Levin bruket saman med Sjovat. Frå 1780 dreiv sonen aleine, men han fekk ikkje skøyte før i 1788. Han løyste inn det benefiserte godset i bruket. [Bjørkvik: Finnøy gard og ætt]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997
Side: Bind 2, side 354
Datakvalitet: 2
Død: 1800 Øvre Mjølsnes, Finnøy

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland