Slekt Dataside 346 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Mjølsnes, Jakob Olson (f. 1677, d. 1744)

Notat: Øvre Mjølsnes var frå gamalt av delt mellom krona (4 vetter korn), Finnøy prestebol og Hinderå prestebol (2 vetter kvar). Krongodsparten høyrde med i den gruppa gardar som Nils Kristenson Sandborg kjøpte opp. Han selde vidare til Søren Bru som igjen selde til Mathias Tanche på Reilstad. Ved skøyte datert 15.12.1714, tinglyst april 1715 selde Mathias Tanche 3 vetter av krongodset (bruksnr 2 på garden) til Jakob Olson. Han blei såleis den første sjølveigande bonde på Øvre Mjølsnes, så tidleg som i 1715.

Jakob var først gift med Marta Roaldsdtr Mjølsnes ca 1706. Dei var gift i om lag 10 år før Marta døydde. Dei budde først på Søndre Vignes og flytta til Øvre Mjølsnes ca 1710 der dei tok over farsgarden til Marta etter at faren var død. Jakob og Marta hadde 4 barn. 2 av desse vaks opp. Jakob gifta seg så med Marta Eriksdtr Roda, men ho døydde berre 9 månader seinare. Dei fekk 1 barn som døydde liten. Til sist gifta han seg med Margreta Halvardsdtr Hesby. Dei fekk 5 eller 6 barn, men 2 eller 3 av desse døydde små eller var dødfødte. [Finnøy gard og ætt]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997
Side: Bind 2, side 168
Datakvalitet: 2
Kilde: (Individ)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997
Død: 1744 Øvre Mjølsnes, Finnøy
Stadfæstelse af skifte/testamente: Dato: 19 JAN 1745

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland