Slekt Dataside 340 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Hesby, Kristen Anderson (f. ABT 1604, d. 1691)

Notat: Kristen var fut (fogd) på Jæren 1633-1635 og i Ryfylke 1635-1642. Medan han var fut i Ryfylke, budde han på den gamle storgarden Hesby, som var utlagt til futegard. Etter at han gjekk av som fut, vart han buande på Hesby heilt til han døydde i 1691. I 1642 betalte han 40 rdr i førstebygsel for halve garden. Han var kyrkjeverge 1636-1647. I 1643 blei han utnemnt til stiftsskrivar for deler av Stavanger len. Seinare fekk han eit ombod for domkapitlet i Stavanger og blei kalla kapitelsfut.

Natt til 27. november 1651 brann ein stor part av Hesbygarden ned, og 3. mars året etter blei det teke tingsvitne på at "alting baade hus och gard, godz och formuffue, er brendt udi asche och til inted" og at også dei innsamla skattane som blei oppbevart på garden var gått tapt. Kristen bygde opp att dei husa som brannen hadde øydelagt på eigen kostnad, og det var nok dette som var grunnen til at han i 1664 fekk "benaadningsbref" på Hesby, på livstid, for seg sjølv, kona og to born. Så seint som i 1666 vart det konstatert rester etter brannskadane ved ei synfaring i samband med at ein ny fut skulle overta Hesby.

I futerekneskapen for 1680 er det kommentert at Kristen ikkje har betalt skatt. Kristen grunngjer dette med at han har fått fritak fordi han har vore fut og fordi garden hadde vore nedbrent, men det vart konkludert med at han måtte ha "sær kongelig bevilling" for å sleppa skatt. Kristen blir her kalt ein fattig mann.

I 1670-åra vart Hesby avvikla som futegard, og garden vart stykkja opp i bruk og bortbygsla til bønder. Dei to døtrene til Kristen Andersen, Margreta og Ellen, vart gifte med to av desse bøndene. [Finnøy gard og ætt]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997
Side: Bind 1, side 325
Datakvalitet: 2
Død: 1691 Hesby, Finnøy

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland