Slekt Dataside 20 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Hetland, Nankin Berdenius (f. 11 FEB 1897, d. 3 FEB 1992)

Notat: Nankin flytta tidleg frå Tysvær og slo seg ned på Austre Åmøy i Hetland, der han blei gift. Dei fekk skilt ut eit stykke frå garden til Ole Johan, bror til Olga, der dei bygde hus i 1938. Før dette hadde dei budd på Rosnes og Lunde. Han var med på vårsildfisket, og han arbeidde ein periode på veganlegg i Stavanger. Dei siste åra av sitt yrkesaktive liv var han melkekon­trollør blant melkeprodusentane på Åmøy.

Då Olga døydde i 1979 flytta Nankin til den eldste dottera, Gunhild, og seinare budde han hjå den nesteldste dottera, Annbjørg, begge på Finnøy. Etter å ha røykt pipe i alle år, bestemte han seg for å slutta på 90-årsdagen, og han var framleis sprek og gjekk turar på nærare 10 km kvar dag - sommar som vinter - omtrent heilt til han blei sjuk og døydde.

Han reiste aldri langt, men var jevnleg på besøk hjå systera Amanda i Haugesund. I ungdommen var han på "eksersisen" i Kristiansand.
Kilde: (Fødsel)
Tittel: Kirkebok Tysvær
Datakvalitet: 3
Dåp: 15 APR 1897 Tysvær
Konfirmasjon: Dato: 1 OKT 1911
Sted: Tysvær
Død: 3 FEB 1992 Hesby, Finnøy
Begravelse: 10 FEB 1992 Austre Åmøy, Stavanger
Referanse: 94

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland