Slekt Dataside 18 Notater

Personer markert med rød prikk er forfedre av Bjarte Hetland
Av personverngrunner blir ikke fødselsdato og ekteskapsdato til personer som antas å være i live visst.

Østebøvig, Torbjørn Olson (f. 1 NOV 1857, d. 1902)

Notat: Torbjørn kjøpte i 1897 bruket Østebøvik (Østebøvig/Austabøvik) på sørsida av Borgøy. Ein haustdag i 1902 forsvann han under ukjende omstende. Han hadde rodd Anne Berthine over til fastlandet, og på veg tilbake forsvann Torbjørn. Berre treskoa var att i båten. Ein rekna med at han hadde drukna, men liket etter Torbjørn blei aldri funne, og ryktene ville ha det til han mønstra på ein båt til Amerika, for å komma vekk frå ei farskapssak. Det blei sagt at han vente barn både med Anne Berthine og med ei kvinne frå Karmøy (eller Bokn?).

Ei historie som Nankin Hetland fortalde, byggjer opp om dette. Hilmar, eldste sonen til Torbjørn, reiste mykje til sjøs. Ein gong han kom heim fortalde han at han hadde sett ein mann som likna på faren då han dreiv lossearbeid på ein kai i Amerika. Han hadde ropt "Far?" til mannen, og då hadde denne mannen raskt stukket av.
Kilde: (Fødsel)
Tittel: Kirkebok Tysvær
Datakvalitet: 3
Dåp: 15 NOV 1857 Tysvær
Død: 1902 Druknet i Herviksfjorden

Tilbake til hovedside


HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB©  ikon (lenke til webside)GED4WEB© versjon 2.99 .

Tilbake til hovedside

Copyright 2004 Bjarte Hetland