Vassenden, Daniel Karlson (f. 1661, d. 1755)
Notat: Iflg. Nils Dybdal-Holthe [Ætt og Heim 1988? Stokka-slekta i Vats] var Daniel gift med Kristi Henriksdtr. Blank, død ca. 1712.
Iflg. Hans Eyvind Næss [Tysvær gard og ætt, bind 6] var han fyrst gift med Kristi, men så med Maren i 1696. Kristi må såleis vera død før 1696. Daniel var lagrettemann fleire gonger i åra 1703-1721.
Vassenden høyrde til krongodset som kongen selde på 1660-talet for å få penger i statskassa. I 1665 åtte Herman Garmann i Bergen garden. I 1680 hadde Ludvig Stoud, seinare biskop i Kristiansand, overtatt, og fem år seinare var det Peder Sørensen, tollar i Stavanger, som åtte garden. Han selde garden til Karl Ohm, skøyte datert 14. mai 1685. Daniel Karlson kjøpte halve garden etter at faren døydde i 1690. Mora og stefaren brukte andre halvparten av garden, og Daniel vart eigar av heile garden etter at dei døydde. [Tysvær gard og ætt]
Kilde: (Fødsel)
Forfatter: Nils Dybdal-Holthe
Tittel: Soga om Vats: Gard og ætt i gamle Vats herad.
Publikasjon: Vindaford kommune, 1984Side: Side 130
Datakvalitet: 2
Kilde: (Død)
Forfatter: Hans Eyvind Næss
Tittel: Tysvær gard og ætt
Publikasjon: Tysvær kommune, 2001Side: Bind 6, side 801
Datakvalitet: 1
Død: 1755 Vassenden, Hinderå
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .