Mjølsnes, Cesilia Elisabet Bjørnsdtr. (f. 15 JAN 1877, d. 3 AUG 1956)
Notat: Før ho gifta seg hadde ho gjort fleire ting; vore i Stavanger og lært å sy, gått på amtsskulen på Hjelmeland, og så hadde ho vore tenestejente hjå Bjørn Øvrebø i Oslo. Bjørn var få Fister, og dei hadde gått saman på amtsskulen. Han slo seg opp som grossist i Oslo. Cecilia var i Oslo då kong Håkon kom til Noreg i 1905.
Ho var flink til å syngja og spela gitar, og ho var òg flink til å fortelja. Ho stelte på kjøkkenet, sydde kler til ungane, og når dei ikkje hadde tenestejente, var det ho som stelte kyrne og mjølka.
Etter at Kristoffer døydde i 1933 vart ho sitjande med gardsbruket, og dreiv det saman med sønene. I 1953 fekk Nils skøyte på garden. I 1938 blei Skiftun skilt ut som eige bruk, til sonen Christ. Då dei flytta til USA selde Chris dette til broren Nils, og det blei utleigd. Seinare budde Kjartan, son til Nils der nokre år, før Nils sjølv flytta inn der i 1976. I 1953 blei òg det gamle tunet på garden skilt ut som eigen gard, der sonen Bjørn flytta inn.
Død: 3 AUG 1956 Vestbø, Finnøy
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .