Ladstein, Christoffer Nilsson (f. 27 JUN 1871, d. 1 FEB 1933)
Notat: Chr. Ladstein (han skreiv det berre slik sjølv) gjekk på amtsskulen (eller var det folkehøgskulen) på Voss i ungdomen. I denne tida spelte han fele. Han var også ein tur i Amerika, frå 1891 til 1896, og dreiv med snekkararbeid i Illinois. I juni 1905 kjøpte han bruket Brekke på Vestbø av Anna Larsdtr, enkja etter Nils Bjørnson Vestbø.
Han hadde mange yrkje, og minst av alt var han gardbrukar. Frå tida i Amerika var han snekker og tømmermann. Han var fiskar, og hadde skøyte og notlag saman med Tobias Tollakson Nordbø og Bellest Tollakson Landa. Desse var dei fyrste på Finnøy som fekk telefon, for dei skulle halda kontakt.
Han hadde ein part i eit sildesalteri på Kinn, på Nordmøre, og han var pådrivar for å byggja saltekumme i Nordbøvågen for salting av sild. Han snikra møbler på verkstaden om vinteren, både til eigen heim, til syskena sine og til andre. Alle møblane på Brekke hadde han snikra sjølv, m.a. senger, ein benk og ei bokhylla. Han var med på taksering, og reiste mykje saman med Svein Søyland frå Gjesdal. De kjøpte sauer frå dei, store fine premiesauer. Ingen forstod kvifor de skulle ha sauer på Brekke, for der var det ikkje noe sauebeite. De var blant de første til å sende sauene til fjells for å beite om sommaren.
Christoffer var med i heradstyret i fleire år, og han var lærer på Hesby skole. Han var varaordførar i fleire år, mens Asseus Steinnes var ordførar. Christoffer var venstremann, men sønene fekk han over i Bondepartiet seinare. Han heldt Stavanger Aftenblad, og byte med grannen, som hadde Dagbladet Rogaland.
Kilde: (Individ)
Forfatter: Bjarte Hetland
Tittel: Notater fra samtaler med Ellen M Ladstein Nordbø
Kilde: (Individ)
Forfatter: Halvard Bjørkvik
Tittel: Finnøy gard og ætt
Publikasjon: Finnøy kommune 1993-1997
Yrke: Snekker, fisker, lærer
Eiendom: Brekke, Vestbø, Finnøy
Dato: 26 JUN 1905
HTML-databasen ble laget med en registrert versjon avGED4WEB© versjon 2.99 .