Forslag fra Hallgeir H. Langeland:Situasjonen for Hundvåg bydel
Interpellasjon til møte i bystyret 26.05.97
- Husabøbygginga må utsettast
Fokus på bydelane: Hundvåg
Den siste tida har det vore ein del debatt omkring situasjonen for Hundvåg bydel. Dei fleste partia i bystyret deltok dessutan på eit debattmøte om aktuelle saker i bydelen tidlegare i år. Nå sist fekk litt vårsnø fart i problemstillinga knytta til beredskapsplanar mv. Grunnlaget for ei brei drøfting i bystyret, knytta til fleire politikkområde, er difor tilstades.
1. Vegnettet
Køane på vegen til og frå øyane er sjeldan så store som tysdag 22.04.97, men det er ofte problemer knytta til trafikkavviklinga, ikkje minst 0700 - 0800 og 1500 - 1600. Dette fører til at også bussane blir ståande i bilkøar på deler av ruta. Dette er ikkje minst beklageleg, når me veit kor flinke hundvågbuen er til å ta buss. Dessutan har me Hundvåg sentrum som er splitta i to av hovudvegen, med krysset midt i det heile. Eit kryss og ein veg som politikarane i byen har hatt på "bordet" i tiår, utan å gjere noko meir enn å seie at noko må gjerast. Bystyret må difor sette fristar og få fart på desse to sakene:- bygging av kollektivfelt frå krysset mot bysentrum
- flytting/nedgraving av kryss og veg i bydelssentrumIverksetting i løpet av 1997.
Sendast over til rådmannen: "Bystyret vil også gjere merksam på framtidsperspektivet med ein bybane i Hundvåg ring, og ber eit notat om kva strategier ein nå arbeider etter for å få realiset bybanen på Nord Jæren."
2. Beredskapsplanar
Det bur drøyt 11000 i bydelen, og planane er å auke antalet. Dessutan har mange arbeidsstaden sin i bydelen, ikkje minst på Buøy.
Det er sjølvsagt umogleg å gardere seg mot alt, men me kan vere glade for at det ikkje var ei ulukke eller ein brann om morgonen tysdag 22.04. 97 på t.d. Rosenberg. Eit kollektivfelt ville sjølvsagt gjere situasjonen enklare, men ikkje god nok. Bystyret krev at det blir vurdert å:- etablere brannstasjon i bydelen jfr. Kvernevik/Forus
- handsame evt. beredskapsplanar på ny
Legge fram forslag hausten 97
3. Skule, fritid og friområder
Det har skjedd og skjer positive ting på skulesektoren. Buøy og Hundvåg er utvida og pussa opp. På Skeie skjer det same, men det er ikkje kapasistet til ein stor vekst i elevtalet i bydelen. Dessutan manglar bydelen symjehall. Var Hundvåg eigen kommune på 11000 innbyggarar, ville det sikkert vore to hallar.Det er stor aktivitet frå lag, institusjonar og organisasjonar i bydelen. Ikkje minst kyrkja er aktiv. Bydelspolitiet har og gjort ein god jobb. Det same kan me seie om Øyahuset, men her trengs ei auke i aktivitetane, ikkje ein reduksjon som fleirtalet har vedteke. Vil ein avgrense ungdomsproblema, må det satsast på førebygging. Kjem det ei auke i ungdomsproblema og politiarbeidet på Hundvåg, vil noko av ansvaret ligge hjå fleirtalet i Stavanger bystyre.
SV har tidlegare reist forslag om at kommunen må ta over Ulsnes, og bruke det til friområde. Dette må det nå settast fart i. Det er grunn til å tru at Ulsnes kjem i same situasjon som Vatneleiren. Difor må kommunene allereie nå få fortgang i å ta over dette flotte området, og gjere det om til eit aktivitetssenter for bydelen.
Bystyret ber om: - iverksetting av arbeidet med planlegging av symjehall i bydelen, evt. kopla med utviding av Austbø skule
- auking av ressursene til Øyahuset
- at kommunen forhandlingar med forsvaret om å ta over Ulsnes, for å gjere det om til eitrekreasjons- og aktivitetsenter for bydelen..Symjehallen må inn i budsjettet for 1998. Dei andre tiltaka må iverksettast i dette budsjettåret.
4. Husabøutbygginga
Problema knytta til veg og beredsskap er nok til å forstå at denne utbygginga må utsettast. Det er rett og slett ikkje forsvarleg å bygge ut nå.Bystyret krev ei utsetting av utbygginga på Husabø.
Forslag til vedtak:
1. Bystyret er opptekne av å ha fokus på bydelane. Ikkje minst etter som ein har gått frå 9 til 7 bydelar. Til kvart møte framover vil difor bystyret fokusere på ein og ein bydel i eigne saker.2. Bystyret ber om at utbygginga på Husabø blir utsett til vegnett(jfr. pkt 1) og forsvarleg beredskap er etablert (jfr. pkt. 2)
3. Tiltaka i pkt. 3 blir følgde opp som det står i framlegget.
Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.Du kan svare Hallgeir ved å sende ham et elektronisk brev: hallgeir@www.sv.no
Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SVSiden er laget av Bjarte Hetland