Leserbrev fra Hallgeir H. Langeland:

Ein skammens by

Stavanger kommune vil i sommar spare 40.000 kroner ved å stenge Barnevernvakta i tre veker. Kvar dag kjem det melding om ei alvorleg sak til barnevernvakta. Kva er "ei alvorleg sak"?

Sist helg vart barnevernvakta mellom anna møtt av to redde barn på fem og åtte år i ein heim der mor var rusa og sambuaren full og valdeleg. Tidlegare ei helg kom barnevernvakta til ein heim der mor tydelegvis er psykisk sjuk, spedbarnet er avkrefta og apatisk, og der barnevernvakta truleg redda liv ved å følgje opp meldinga som kom inn (Stavanger Aftenblad 23. juni).

"Ei alvorleg sak" er å forstå som psykisk og fysisk vald som set helsa til offera i fare. Og kven er det ei alvorleg sak for? - For dei mest utsette barna, fordi det er foreldra - nettopp dei som skulle gje tryggleig og kjærleik - som sviktar. Når det kjem ei melding om ei alvorleg sak til barnevernvakta, er såleis offera dei som aller mest treng vern i samfunnet. Denne gruppa ser altså Stavanger kommune seg ikkje i stand til å ta vare på i tre veker i sommar, fordi det vert for dyrt.

Kor mykje kan så kommunen spare ved å la vere å verne dei utsette barna? det står om 40.000 kroner. Dette er om lag halvparten av kva Stavanger kommune ga i lønsauke til kvar av kommunens legar i fjor. For nøyaktig eit år sidan kunne Legeforeininga melde at kvart medlem i snitt fekk mellom 75.000 og 95.000 kroner i lønsauke. Det hadde Stavanger kommune råd til. Men sommaren 1997 har ikkje kommunen råd til 40.000 kroner for å verne dei utsette barna.

SV godtek ikkje stenginga. Vi krev at ordføraren finn penger til dømes på reservekontoen, som kan brukast ved slike høve, og sørger for at barnevernvakta er åpen heile sommaren.


Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.

Du kan svare Hallgeir ved å sende ham et elektronisk brev: hallgeir@www.sv.no


Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SV

Siden er laget av Bjarte Hetland