Leserbrev fra Hallgeir H. Langeland:

Vegsjefen og SP i same båt

Vegsjef Tor Geir Espedal har sitt mål klart. Han vil bygge ei Høgsfjordbru innan 2008. Det er det vegsjefar drøymer om: Å få reise monument som gjer at dei blir hugsa i all tid. Mindre viktig er småtterier som rassikring og utbetring av eksiserande vegnett. Vegsjefen veit sjølvsagt at skal ei bru til frå 600 - 1400 millionar byggast, vil det i tiår bli lite att til t.d utbetring og sikring av vegnettet i resten av Ryfylke. Og kva prisen på eit slikt gigantomani til slutt ville blitt, bør me og tenke over. Det er regelen snarare enn unntaktet at budsjetta i slike prosjekt sprekk. Til dømes var Salhusbrua kalkulert til 470 millionar, men er no oppe i 1025 millionar. Prislappen på eit Høgsfjordrøyr kan bli frå 600 - 1400 millionar, eller kanskje endå meir ! Prisen er i seg sjølv nok til å seie nei til røyret, men det er mange fleire grunnar.

"Ein kynikar er ein mann som kjenner prisen på alt, men ikkje verdien på noko." Dette skal Oskar Wilde ha sagt. Det er pengane som opptek vegsjefen, ikkje kva verdivalg som ligg i ei slik prioritering. 350 millionar frå staten, og så 100 millionar frå Rogaland fylke. Senterpartiet(SP) som er for røyret, sit med styringa i fylket. Kor vil dei ta 100 millonar frå ? Legge ned sjukehus i Sauda eller Eigersund ? Korleis kan SP forsvare å bruke pengar på eit Høgsfjordrøyr, samstundes som linjer i videregåande skular i distrikta blir lagde ner ? SP må forklåre folk dette, for det "heng ikkje på greip." Rogaland SP må snu i røyrsaka, slik dei måtte i spørsmålet om Gasskraftverk. Ein kan ikkje snakke om å betre miljøet og samstundes legge tilrette for ei dramatisk auke i biltrafikken. Då må ein velge! For SV kjem miljøet først. Me vil ha ei betring og utbygging av kollektivreisene på sjø og land til Ryfylke regionen. Vegsjefen vil legge ned Tau-ferja. Og sjølv om SP vil prøve å vri seg unna , er dei nå i "same båt" som vegsjefen i denne saka. I følge han er Tau-sambandet nedlagt om drøyt 10 år ! Er dette SP sin distriktspolitikk i praksis ?

Vegsjefen gjev seg i ei avis ut på ein karakteristikk av dei som tillet seg å vere mot Høgsfjordrøyret: " De later til å være ganske pragmatiske og jordnære. De er opptatt av dagens situasjon, men tenker lite på fremtiden." Det osar av hovmod av dette. (Les gjerne Salomos ordspråk 18.12) Mitt råd til vegsjefen er at han må komme med sakleg argumentasjon. Det kan du nå få høve til ved å svare på desse utfordingane: Korleis kan du få det til å vere framtidsretta å bygge ei bru til ein utruleg pris, som tilrettelegg for auka miljøforureiing, tek pengar bort frå t.d. utbetring av Ryfylkevegen og rassikring og som legg ned båtsamband og arbeidsplassar ? Kan det vere at "fremtiden" har betre av at tilhengarane av gode båtsamband vinn fram med saka si ? I SV seier me at framtida er nå. Dei valg me gjer i dag har konsekvensar for miljøet og framtida til kommande genersjonar. Høgsfjordbrua er eit slikt verdivalg.


Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.

Du kan svare Hallgeir ved å sende ham et elektronisk brev: hallgeir@www.sv.no


Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SV

Siden er laget av Bjarte Hetland