Leserbrev fra Hallgeir H. Langeland:

Pengemakta avfolkar distrikta

Halvparten av norske kommunar har for tida nedgang i folketalet, og femti kommunar har i løpet av det siste tiåret mista meir enn 10 % av innbyggartalet. Dette er alvorleg. Blir ingenting gjort vil folketalet fortsette å gå ned. Gunnar Berge sa at me ikkje kan vedta at det skal bu folk i distikta. Det er kanskje rett nok det, men det er mogleg å ha ein politikk som legg tilrette for at folk skal kunne bu i distrikta. Fleirtalet på Stortinget styrer i dag etter EU-modellen om å gje marknaden meir makt. Det betyr meir makt til det som frå før er stort. Det betyr sentralisering. Vedtaka fleirtalet gjer, som tilpassar oss til EU, er ein medviten politikk. Det er ein politikk som m.a. tappar distrikta for folk.

I eit debattmøte på Sand, kor underteikna deltok, peika journalist Oddvar J. Vindeland nettopp på det kortsiktige ved ein politikk som let seg styre av marknaden, og korleis marknadskreftene virker sentraliserande. Dette var også SV sitt hovudpoeng, og døma på dette er mange: Nedlegging av postkontor, dyrare teletenester, kutt i fraktutjevning, nedlegging av liner ved videregåande skular, kutt i jordbruksstøtta(krav om meir stordrift), liberalisering av etablerings- og konsesjonsloverket med den konsekvens at det er vanskelegare å styre for å styrke distrikta, liberalisering av energilovverket(fremma av SP) med fare for sal av folket sin eigedom(jfr. Sauda), endring av jordlova med krav om lønsam drift og fritak frå driveplikt, osv. osv. Lista kan gjerast mykje lengre, men i sum seier det seg sjølv at denne politikken svekkar disktikta, og det er det som er meininga. I samferdslepolitikken er det akkurat likt. Motorvegane vert fleire og lengre, samstundes som rassikring og utbetring av vegar i distrikta står stilt. Her må Senterpartiet vere på ville vegar når partiet vil bruke frå 600 - 1400 millionar(eller meir) på å bygge ei miljøfientleg Høgsfjordbru, som vil stenge fleire ferjesamband. Og kor mange tiår vil det ikkje då gå før utbetringsarbeid i Ryfylke vil bli prioritert ?

For SV er distiktspolitikken ein del av all politikk - av den økonomiske politikken , landbruks-, fiskeri-, utdannings-, miljø-, industri-, helsepolitikken, osv. Skal folk ha rett til å velge kor dei vil bu, må den sentraliserinspolitikken me har i dag nedkjempast. Då må Eu tilpassinga stansast og EØS-avtalen seiast opp. Sv vil ta tilbake dei styringsredskapa marknadspolitikarane har gitt frå seg. Folket må ha styringa om distrikta skal leve, ikkje marknads- og pengemakta.


Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.

Du kan svare Hallgeir ved å sende ham et elektronisk brev: hallgeir@www.sv.no


Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SV

Siden er laget av Bjarte Hetland