Kronikk fra Hallgeir H. Langeland:Privatisering er tjuveri!
Det store slagordet for tida er privatisering. Mykje av det som er i offentleg eige, og derved eigd av folket sjølv, blir seld til private. Det er tjuveri å selje ut det generasjonar har bygd opp. Kortsiktige offentlege gevinstar kan ikkje forsvare handlinga. Men nå skal alt tilpassast marknadskreftene, og trur me ikkje på desse kreftene er me fortapte. Marknaden er den nye avguden. Ein marknad som ikkje har kjensler og som produserer eit samfunn, kor det ikkje er plass til alle. Kor solidaritet blir skifta ut med tilretteleggjing for dei sterkaste sin systematiske siger over dei svakaste.Dei gamle sosialdemokratane i AP må ikkje ha det godt for tida, med eit parti kor leiinga arbeider på spreng for å tilpasse politikken til dei marknadsliberalistiske direktiva frå EU. Partiet er meir oppteken av å tilpasse seg utviklinga, enn å styre henne. Det me kan håpe på nå, er at fagrørsla kjem på banen. Det er nå organisasjonane og deira tillitsvalde kan vise om me saman kan kjempa mot dei som vil selga ut dei verdiane og den velferdsstaten fagrørsla var sentral i å byggje opp. Det me treng, er meir i folket sitt eige, ikkje mindre. Folket i Stavanger må td ikkje selje aksjane i Stavanger og Omengs Trafikkselskap (SOT), heller styrke posisjon sin med tanke på å ta over selskapet.
"Privat" kjem av det latinske ordet "privare" som tyder røve/ta fra ein noko. Denne tydninga passar godt til det som er realiteten i saka. Om me sel ut ein barnehage til private, så flyttar me styringa frå dei demokratisk folkevalde organa til private styrerom. Sjølv om me sit igjen med pengane frå salget, og slik har pengar i neven, har me ikkje lenger styringa over framtidig innhald og bruk. Det som skattebetalarar har vore med å byggje opp til det felles beste, blir såleis borte og overlate til private som skal tene pengar på investeringane sine. Er det nokon som trur at investorar driv med solidariske pengeplasseringar ? Må historia skrivast om ? "Kapitalister er ikke mer i stand til selvoppofrelse enn et menneske er i stand til å løfte seg selv etter sine egne skolisser", seier ein gammal kjenning.
Det er dyrt om du er så heldig å få barnehageplass. Men om me tenker oss at alle barnehagar var private og at vanlege marknadsprinsipp skulle gjelde; kan me fort tenke kva prisen ville bli på ei vare det er eit så stort underskot på. Kven som ville få svi i eit slikt system, seier seg sjølv. Neppe han som hevar aksjeutbyttet. I Stavanger har me dessutan nå eit politisk styre som ikkje byggjer barnehagar, og det er berre den private marknadsandelen som veks. Slik sett går privatiseringa for fullt. Barnehage skulle vore noko alle barn hadde rett til, han skulle vore gratis og under folkevald styring. Det finst pengar, men dei må omfordelast. Talet på millionærar har aldri vore større. I år vart det 200 fleire berre i Stavanger, og oljefondet gjer onkel Skrue til ein smågut.
Dei partia som barberer skole- og kulturbudsjetta lokalt, er dei same som gjev skattelette til aksjespekulantar og rikfolk. Dei må stanse veksten i det offentlege, heiter det, difor må dei stenge galleriet, stanse innkjøpet av nye lærebøker, kutte talet på tilsette, la vere å byggje barnehagar osb. Dei seier altså at det er svært bra at det blir meir penger og auka forbruk blant eit fåtal. Det er ikkje inflasjonsdrivande om dei bruker meir penger på seg sjølve. Men det er inflasjonsdrivande om folket bruker penger på å gje alle eit betre velferdstilbod. Det heng sjølvsagt ikkje på greip, og det er feigt. Dei skulle ha sagt: Me vil skjere ned og gjere dei offentlege tilboda dårlege. Då vil private løysingar komme, og me kan spare pengar. Då kan dei som har råd, kjøpe tenestene sjølve. Men dessverre, klar tale må me leite lenge etter. Difor må fagrørsla og andre henge bjella på katten. Me må vise at det er ein raud tråd i den privatiseringspolitikken som nå blir ført: Marknadskreftene skal få bestemme meir. Dei økonomiske sterke skal bli sterkare, og dei fattige svakare. Faglege rettar og velferdsstaten skal svekkast. Klassesamfunnet skal vitaliserast.
Statsråd Eivind Reiten frå Senterpartiet dreiv gjennom ei liberalisering og EU-tilpassing av energilovverket. SV var einaste parti mot. Energiverka som hadde vore symbol for lokale, regionale og nasjonale fellesinteresser, skulle ikkje lenger tene folket. Dei skulle tene på folket.I dag ser me resultata. Utsalet på norsk kraft har ført til tomme magasin. Og er det lite av ei vare i eit marknadsstyrt samfunn, går prisen opp. Den auka kjøpekrafta nokre fekk i lønnsoppgjeret, går nå til å betale staumrekninga. Men nokre går fri. Storindustrien har sikra seg regulerte prisar og slepp unna med ei lita rekning. Han har jo aksjonærane å tenke på. Får me lite nedbør i vinter, vil prisane stiga endå meir. Då kan SV få fleire med på ein revisjon av energilova. Skin sola for mykje framover, kan fleire bli brende i den valkampen me går inn i. Dessverre kan ikkje vergudane regulerast.
Det meste av norsk elforsyning er ennå eigd av folket, men med AP i spissen har mange av energiverka blitt offentlege A/S. I Stavanger bystyre har AP lova aldri å selje ut aksjane til private. Det same gjorde 1. kandidat Jan Johnsen på vegne av Høgre. Vil dei halde dette løftet ? Kor skal dei ta pengane til nye skatteletter til rikfolk frå ? Dei har jo lova mindre skatt og. Kva med myta om at det som er privat, går så mykje betre enn det offentlege ? Faren for at fleirtalet av partia vil stele dette arvesølvet som generasjonar har bygd opp, er dessverre stor.
Høgrekreftene får det til å kjennast som om me ikkje kjem utanom privatisering. Det er som om me er inne i ein komplisert labyrint, og for å finne vegen kjem me ikkje utanom vegvisaren deira - maknaden Men det er mulig å setje seg inn i byggverket på førehand. Me kan gå til historia. Til 30 åra. Då er det lett å finne vegen ut. Men me kan og gå til antikken og Minotauros. Han blei plassert i ein labyrint og blei årleg fora på 14 unge athenarar. Thevsev ville drepe han, men frykta at han ikkje ville finne vegen ut etterpå. Ariade visste råd og hjelpte han ut av irrgangane i labyrinten. Ho sende med han ein tråd. Slik kunne han nøste seg ut. Det er nå på høg tid at fagrørsla, SV og andre som vil bygge ut velferdsstaten, samlar seg og viser veg ut av privatiseringslabyrinten. Myta om det private paradis kan avlivast. Me har den røde tråden . Det er berre å nøste.
Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.Kronikken har tidligere blitt publisert i Stavanger Aftenblad.
Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SVSiden er laget av Bjarte Hetland