Kronikk fra Hallgeir H. Langeland:

Den fjerde statsmakt treng ein Lundkommisjon

Noko av det viktigaste for oss menneske er at me aldri sluttar å stille spørsmål. Det å undre seg, tenka etter, analysera osv., gjev demokratiet den næring det treng for å overleva.. Diskuterer me dei så kalla vedtatte sanningar, kan dei ofte nyanserast, ja ofte også endrast. Det ser me nå når mediabilete er prega av at politisk overvakning i etterkrigstida, nærast blir ein verdsensasjon. Overvaking på politisk grunnlag hadde jo ikkje eksistert, slik var det berre, var omkvedet.

Desse oppslaga viser oss samvitet til ei presse og kringkasting som ikkje turde å stilla spørsmål sjølv. Heller ikkje ville dei vite av spørsmåla dei overvaka stilde. Kvifor ville ikkje me,,dia høyre og skrive om den trakasseringa mange vart utsett for ? Ville det vere galt å kritisere makta ? Er ikkje det ei viktig oppgåve for den fjerde statsmakt ? Vil Arbeiderbladet og andre i åra framover vera med å gjere presse og kringkasting til noko anna enn forsvararar av Andreas Cappelen og Håkon Lie sitt arvefølge ? Kven blir den første til å avsløre at flyktningar og innvandrarar nå er det nye trugsmålet mot "rikets sikkerhet" ? Arbeiderbladet ?

Telefonavlytting av tillitvalgte, registrering av fredsaktivistar, åpning av post til Nato - motstandarar osv. var ein del av arbeidet til overvakinga. Mange fekk erfare det, og nokre ganger smilte me til politifotografen når me gjekk i fredsdemostrasjon. Men var det til å smile av ? Onkelen min (død i 94) fekk all post åpna i ca 30 år ! Han var mellom anna tillitsvalgt i fagbevegelsen. Valgt på demokratisk vis av sine arbeidskameratar, men altså ein trussel for nokon. Når eg sjølv fekk posten min åpna på slutten av 70 - talet kjende eg det som ei trakassering, og eg spurde han om kvifor ikkje pressa skreiv som slike saker. Det var jo lett å bevise og ulovleg, sjølv om makta sa det ikkje skjedde. Svaret var enkelt:" CIA og Arbeiderpartiet, godt støtta av alle borgarlege parti, hadde sidan Marshall-hjelpa kontoll over dei fleste større avisene i landet. Kritiske spørsmål og dårlege inntrykk kunne skade tilhøvet til vår fremste allierte og rokke ved makta i landet." Svaret hans var vanskeleg å tru, men var det noko sanning i det ? Me på venstresida kjenner jo til yrkesforbud osv., men korleis var det inne i avishusa ? Mange pressefolk veit mykje om dette ? Kvifor skreiv ikkje den "frie presse" om trakaseringa som var ? Trudde avisfolk på at det berre var oppspinn, slik makta sa ? Når kjem pressa med sin Lund-kommisjon ? Kan me i ha tillit til ei presse som i dag ikkje fortel oss sanninga om deira bidrag til å styrke "rikets sikkerhet" ?

Leiarartikkelen i Stavanger Aftenblad onsdag 15 mai i år framset krav om "en mer nyansert debatt". Kva slags nyansering ? Når poenget er at ein av dei som styrte overvakninga ikkje har blitt intervjua av kommisjonen, undrar eg meg om kva slags nyansering ein ønsker seg. Nyansering blir oftast til tilsløring når makta snakker. Dessutan vil Aftenbladet og andre heilt sikkert sette av spalteplass om ein justisminister ville unnskylde seg eller komma med nye opplysningar. Problemet er at det ikkje er det han vil. Han vil tilsløre og rettferdiggjere trakasseringa. La oss då heller få høyre frå dei som har erfaring frå det justisministrar dreiv på med. Intervju med slike vil vera med å gje debatten den nyanseringa han treng.

Filosofen Aristoteles var oppteken av kva som er gode og dårlege forfatningar. Demokratiet hadde han liten sans for Det oppstår, seier han, når fleirtalet i folket tar makta i eigne hender og tvingar gjennom sin vilje utan å gå vegen om vedtatte reglar. Kanskje var det nettopp frykta for sitt eige folk som dreiv makta til politisk overvaking ? Frykta for at demokratiet skulle virke ? Folket måtte altså beskyttast mot seg sjølv med metodar, som ellers var best kjent for folk gjennom diktatur me tek sterk avstand frå. Spørsmålet blir igjen: Korleis kunne dette skje, og korleis kan me sørge for at det ikkje skjer igjen ? Svaret er sjølvsagt eit åpnare samfunn. Eit samfunn kor mellom anna presse og kringkasting tek ansvar for at sanninga kjem fram. Kor ein ikkje har frykt for at svara på spørsmål kan bli ei byrde om ein får vite dei. I teorien kan me nok ønska oss eit åpnare samfunn, og ei fri og frittalande presse. Men får me det ? Er eigarane av norske media, meir opptekne av sanninga enn utbytte ? Vil me få ei presse som tek eit oppgjer med det maktapparatet ho sjølv er ein del av ? Det skjedde ikkje i spørsmålet om overvaking, og kor stod alle større aviser i EU-kampen ? Kva ser me på ein nyhetsmarknad som i større og større grad kjempar om annonsørar og inntekter frå reklame ? Vil ein flyktning som i dag blir avlytta og får posten åpna gje høgare opplagstal og fleire sjåarar ? Kor er den fjerde statsmakt ? På middag med resten av hoffet ?


Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.

Kronikken har tidligere blitt publisert i Stavanger Aftenblad.


Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SV

Siden er laget av Bjarte Hetland