Kronikk fra Hallgeir H. Langeland:Fred er vegen!
Det finnes ingen veg til freden. Fred er vegen ! ( Gandi) Det er mange av oss som håper at fredsprosessen i Midtøsten er på denne vegen nå. Men det er også mange , også norske, som gjerne vil ødelegge denne vegen. Kall dei gjerne religiøse fundamentalistar. Andre igjen leverer positive bidrag. Den norske regjeringa er mellom desse, og ho kan nå intesivere arbeidet som kan føre fram til eit fritt Palestina. Stavangers engasjement, nå sist med underteikninga av ein Vennskapsbyavtale med byen Nablus på Vestbredden, er eit lite men viktig bidrag til prosessen. Internasjonalt engasjement og besøk frå vener frå andre land, gjev palestinerane håp og israelarane press i fredsprosessen. Det kjem fredsvegen tilgode.Bussbombe i Jerusalem, massakre i Abrhaham moskeen, mordet på Presidenten, mordet på den s. k. ingienøren, osv. Alle døme på hendingar som gjer fredsarbeidet vanskelegare. Det krev mot av partane framover å halde fram. Innad i Israel er Peres-regjeringa pressa, Den mindre fredsvennlege Likudalliansen har framgang på meiningsmålingane. Det er valg i mai, og høgresida inklusiv fanatiske jødar har auka tilslutnad. I Palestina slit dei også med sine religiøse fanatikarar, men også med det faktum at israelerne stort sett kontrollerer det meste i fredsprosessen. Palestiarane har ikkje kunna bygge opp eit skikkeleg apparat som kan hamle opp med Hamas og andre. Dei har ikkje fått lov av okkupanten Israel.
Fredsprosessen er difor prega av å vera på israelarane sine premissar: "Israel viser nå seierherrens toleranse ovenfor de beseirede. Erobrerens selvtillit har økt. Seierherrens syn er ikke forandret, men det er blitt mer populært" sier den israelske samfunnsviteren Adel Bishara til Klassekampen i februar i år. Etter å ha vore på Vestbredden i 14. dagar i januar i år forstår eg kva han meiner. Det er ingen tvil om kven som har og tar kontrollen i det Palestina som hadde valg den 20. januar i år. Israel har full kontroll. I Jenin, kor eg var utstasjonert, stengde dei på kort tid av heile byen. Me slapp med nød inn i byen, men palestinarar måtte vera der dei var. Reiser du rundt i Palestina ser du også dei tallause jødiske busetnadane (Settelments) som ligg som militære postar på høydedraga. Ei av dei advarslane me fekk var å holde oss langt borte frå desse, om me hadde livet kjært.
Fredsvegen er som me ser ikkje enkel, og me kan komplisera han endå meir. I Hebron bur jødiske setlarar midt i byen, og det er visstnok dei mest fanatiske som er plasserte der. Massakren i Abraham moskeen kan peike i den retninga. Dei nektar å flytte på seg, sjølv om det var palstinske hus dei for ei tid sidan gjorde til sine. Eller Jerusalem - spørsmålet: Må byen bli ei internajonal sone, sidan så mange religionar gjer krav på byen ? Og kva med Vestbredden og Gaza: Korleis skal dei to delane av Palestina knyttast saman ? Må israelarane gje frå seg noko meir av okkupert land ? Kan det byggast ein korridor med bru ? Eller kva med vatnet: Korleis skal det delast ? osv. osv.
Det heile ser temmelg håplaust ut. Men kva andre vegar enn fred er det. Skal me tru på fundamentalistane og deira løysingar ? I Norge har me grupper som støttar opp om høgreeksteme jødar. Nokre av dei vil flytta ambasaden frå Telaviv til Jerusalem for å hjelpe Israel å få byen aleine som hovudstad. Eller som Stiftelsen for Bibelen og Israel annoserar for i Stavanger Aftenblad i februar i år: "Politikerne gir bort Israels land bit for bit. Mange israelere er i livsfare hver dag. Terrorist-mordere feires som helter av Arafat. Hva sier Bibelen ?" Svaret på desse spørsmåla gjev seg sjølv ser det ut til. Kan skrifta tolkast slik at okkuperte og andre områder, t. d områda kring Eufrat og Tigres, er jødiske så er dei det. Kva historien og andre skrifter fortel spelar liten eller inga rolle. Skal det bli fred må slike religøse fundamentalistar isolerast. Dei uttrykker ei meiningslaus intoleranse og ein fanatisme som mest er verre enn Hamas. Fundamentalismen er i vestlege media stort sett nytta mot Islam, som nå etter murens fall har blitt den nye kommunisten. Men fundamentalisme er like vond om han er jødisk eller kristen.
Hallgeir H. Langeland er Rogaland SVs førstekandidat ved høstens stortingsvalg.Kronikken har tidligere blitt publisert i Stavanger Aftenblad.
Rogaland SV: Startside | Arbeidsutvalget | Fylkestingsgruppa
Pressemeldinger fra SV sentralt | Pressemeldinger fra Rogaland SVSiden er laget av Bjarte Hetland